Heim

Dette er den offisielle internettsida til Fitjar sogelag. Sogelaget gjev ut sogeskriftet "Fitjarminne" som er ei samling historier om folk og hendingar i Fitjar frå gamle dagar. Les nedanfor om dei ulike sogeskrifta som er gjevne ut.  


Sogelaget ynskjer å formidla Fitjar si historie ut til flest mogeleg både unge og gamle. I tillegg er ei viktig oppgåve å ta vare på og dokumentera historia gjennom skrift, bilete, lyd og film. 

Kjøp Fitjarminne hos:


Galleri Flora
Larsen Multihandel

Styret 2023 


Crister Aarbø: Leiar
John Arvid Skumsnes: Kasserer
Terje Vidar Vestvik: Skrivar
Magnar Kloster: Redaktør Fitjarminne
Harald Westerheim: Bildeansvarleg

Rasmus Fitjar: styremedlem
Johannes Nesse: styremedlem

Frode Håvik Korneliussen: styremedlem

Fitjarminne 2022


Fitjarminne kan kjøpast hos Galleri Flora og hos Larsen Multihandel

Fitjarminne 2021


I årets utgåve kan du blandt anna lesa om Torskegarn og tarebrenning, utvandringa frå Fitjar til Amerika, ungdomshuset Fitjartun om mykje anna. Heile innholdsfortegnelsen finn du ved å klikka her.

Fitjarminne 2020



Med utsikt mot Fodno på framsida, ynskjer me i Fitjar Sogelag velkommen til årets utgave av årboka vår Fitjarminne. I år kan me by på ni artiklar frå Fitjars nære og fjerne fortid: artiklar om mellom anna kolera-epedemien, bergverkshistoria på Fitjar og juletradisjonar i Færøysund. Heile innholdsfortegnelsen finn du ved å klikka her.

Fitjarminne 2019



I årets utgave av Fitjarminne kan du blandt anna lesa om spanskesyja som herja bygda mellom år 1918 og 1920.  Du kan og lesa om Fitjarkvartetten som og herja i bygda men på ein heilt anna måte.  Heile innhaldsfortegnelsen finn du ved å klikka her.

Fitjarminne 2018


Her er noko av innhaldet i Fitjarminne 2018:  Oldfunn, Håkon den gode, Eit og anna om Fitjar og Fitjarbuen, Drama på Ringholmen, og mange andre spennande historier..


Klikk her eller på bildene for å sjå nærarer på innhaldet i Fitjarminn

Fitjarminne 2017


Føreord: I hende har du no Fitjarminne 2017. I år inneheld det alt frå kvardagsskildringar i skogsdrifta  Jakob Vik var med på som gutunge i Barlindedalen på -40talet i forholdsvis nær fortid, til litt lenger bak i historien der Svein Ove Tislevoll har tatt for seg Martinus Rimmereid sitt liv som teolog og skulestyrar...


Klikk her eller på bildene for å sjå nærarer på innhaldet i Fitjarminne 2017.


Fitjarminne 2016


Føreord: Fitjarminne 2016, det fjerde i rekka, har mykje spanande histirisk stoff i seg. For underteikna sitt vedkommande gjorde særleg Nils Hovland sin kamp for livet i havet rett etter krigen, etter at båten han var på gjekk på ei mine, sterke inntrykk...


Klikk her eller på bildene for å sjå nærarer på innhaldet i Fitjarminne 2016.


Fitjarminne 2015


Føreord: Fitjarminne, det tredje i rekka, er klart for alle historieintresserte... Dramatiske augnevitneskildringar frå flyåtaka ved Leiarholmen under krigen til grublingar rundt "fotånglane" funne i Fitjar, viser ei grei spredning tidsmessig i stoffet...


Klikk her eller på bildene for å sjå nærare på innhaldet i Fitjarminne 2015

Fitjarminne 2014


Føreord: Fitjar sogelag vonar Fitjarminne "volum 2" vil bli like godt motteke som 2013 utgåva...vi har for så vidt gått litt ut over dagens kommunegrenser med historier om "Øyastovene" og Vonheim men forsvarar dette med historiske kommunegrenser.


Klikk her eller på bildene for å sjå nærare på innhaldet i Fitjarminne 2015

Scanna utgåve av Fitjarminne 2013 kan lesast her på sogelaget si internett sida.

Klikk her eller på bilda.

Papirutgåve er utsolgt.