Fitjar Sogelag tek vare på historia, minna og menneska som har forma bygda vår.
Gjennom sogeskriftet Fitjarminne, gamle bilete, lydopptak og filmar arbeider me for å samla og formidla historia til Fitjar – frå dei eldste tider og fram til i dag.
Målet vårt er å gjera fortida levande for både unge og eldre, slik at historia held fram med å leva mellom oss.

Årets utgåve av Fitjarminne vert lansert og presentert måndag 13. oktober 2025 kl. 1900 i Seniorsenteret i Fitjar kulturhus. Kom innom for bok, prat, kaffi og noko å bite i.
Gratis inngang
Medlemskap i Fitjar Sogelag kostar 250,- pr år inkludert Fitjarminne. Fitjarminne kan kjøpast separat for 200 kr for ikkje-medlemmar. Du kjøper Fitjarminne hos Galleri Flora eller Larsen Multihandel på Fitjar.
Fitjarminne kan kjøpast hos Galleri Flora og hos Larsen Multihandel
I årets utgåve kan du blandt anna lesa om Torskegarn og tarebrenning, utvandringa frå Fitjar til Amerika, ungdomshuset Fitjartun om mykje anna. Heile innholdsfortegnelsen finn du ved å klikka her.
Med utsikt mot Fodno på framsida, ynskjer me i Fitjar Sogelag velkommen til årets utgave av årboka vår Fitjarminne. I år kan me by på ni artiklar frå Fitjars nære og fjerne fortid: artiklar om mellom anna kolera-epedemien, bergverkshistoria på Fitjar og juletradisjonar i Færøysund. Heile innholdsfortegnelsen finn du ved å klikka her.
I årets utgave av Fitjarminne kan du blandt anna lesa om spanskesyja som herja bygda mellom år 1918 og 1920. Du kan og lesa om Fitjarkvartetten som og herja i bygda men på ein heilt anna måte. Heile innhaldsfortegnelsen finn du ved å klikka her.
Her er noko av innhaldet i Fitjarminne 2018: Oldfunn, Håkon den gode, Eit og anna om Fitjar og Fitjarbuen, Drama på Ringholmen, og mange andre spennande historier..
Klikk her eller på bildene for å sjå nærarer på innhaldet i Fitjarminn
Føreord: I hende har du no Fitjarminne 2017. I år inneheld det alt frå kvardagsskildringar i skogsdrifta Jakob Vik var med på som gutunge i Barlindedalen på -40talet i forholdsvis nær fortid, til litt lenger bak i historien der Svein Ove Tislevoll har tatt for seg Martinus Rimmereid sitt liv som teolog og skulestyrar...
Klikk her eller på bildene for å sjå nærarer på innhaldet i Fitjarminne 2017.
Føreord: Fitjarminne 2016, det fjerde i rekka, har mykje spanande histirisk stoff i seg. For underteikna sitt vedkommande gjorde særleg Nils Hovland sin kamp for livet i havet rett etter krigen, etter at båten han var på gjekk på ei mine, sterke inntrykk...
Klikk her eller på bildene for å sjå nærarer på innhaldet i Fitjarminne 2016.
Føreord: Fitjarminne, det tredje i rekka, er klart for alle historieintresserte... Dramatiske augnevitneskildringar frå flyåtaka ved Leiarholmen under krigen til grublingar rundt "fotånglane" funne i Fitjar, viser ei grei spredning tidsmessig i stoffet...
Klikk her eller på bildene for å sjå nærare på innhaldet i Fitjarminne 2015
Føreord: Fitjar sogelag vonar Fitjarminne "volum 2" vil bli like godt motteke som 2013 utgåva...vi har for så vidt gått litt ut over dagens kommunegrenser med historier om "Øyastovene" og Vonheim men forsvarar dette med historiske kommunegrenser.
Klikk her eller på bildene for å sjå nærare på innhaldet i Fitjarminne 2015
Klikk her eller på bilda.
Papirutgåve er utsolgt.

Copyright @ All Rights Reserved